Avslutningsframsyning: I am Dog

Dette arrangementet inneholder digitalt innhold (livestreaming eller video on demand)
Arrangementsinformasjon

Den siste programposten under Bergen internasjonale litteraturfestival 2021 er ein premiere.

«I am Dog» er ei framsyning i tekst, bilete, lys og lyd skapt av Alwynne Pritchard i samarbeid med Domizia Tosatto. «I am Dog» er ei historie fortald gjennom samspelet mellom ei jente som heiter Willa og vennen hennar Dog. Willa og Dog lever i ei isolert verd. Dei to er leikne og vittige, nokre gonger heltemodige og ofte vondskapsfulle. Historia om Willa og Dog kan tolkast som ein indre monolog – to ulike sider av éin og same person – eller rett og slett som narrestrekane til to unge individ som saman utforskar verda og livet.  

«I am Dog» passar for alle aldre.

Avslutningshelsing: Festivalsjef Teresa Grøtan

litteratur