Barnebarnas blikk på krigen (Video on demand)

Arrangementsinformasjon

Simon Stranger har skrive romanen Leksikon om lys og mørke og Marte Michelet sakprosabøkene Den største forbrytelsen og Hva visste hjemmefronten? Dei vil fortelje om korleis nordmenn under andre verdskrigen svikta sine jødiske landsmenn. 

Korleis skriv ein fram ei sann historie i ein roman, og korleis undersøker ein eit emne få vil ha fram i lyset? Måtte det gå to generasjonar før Noreg var klar for nettopp desse historiene frå krigen? Marte Michelet og Simon Stranger møter professor og direktør ved Holocaust-senteret Guri Hjeltnes til samtale om heltedyrking, svik og vondskap.

litteratur