Litt LitFest: Det vanskelegaste namnet i bygda

Arrangementsinformasjon

Som barn visste ikkje journalist Yohan Shanmugaratnam at ein bibliotekar i bygda han voks opp i, øvde seg på stave etternamnet hans for at Shanmugaratnam ikkje skulle kjenne seg annleis. Seinare fekk han likevel merke rasismen som mange i Noreg meiner ikkje eksisterer.

I memoaren Vi puster fortsatt fortel han om foreldras forbodne kjærleik, om å komme flyttande til norsk snø, om oppvekst og kameratskap. Han skildrar òg fortviling og optimisme etter hendingar som drapet på 15-åringen Benjamin Hermansen i 2001, terroren i Oslo 22. juli og Black Lives Matter-demonstrasjonane. Shanmugaratnam møter journalist og forfattar Jens Kihl til samtale. 

litteratur