Frå ungdomen

Arrangementsinformasjon

Sjølvsagt er vi sinte, seier Gaute Eiterjord i boka Klimaopprøret. Den tidlegare leiaren av Natur og Ungdom er sterkt engasjert i klima- og miljøkampen. I boka fortel han om kvifor han var med å arrangere skulestreikar og om korleis det er å vitne mot staten i Klimasøksmålet. Eiterjord etterlyser solidaritet frå den vaksne generasjonen.  

Gaute Eiterjord blei på vegner av Natur og Ungdom tildelt Fritt Ord sin pris i 2019. I dette føredraget vil han snakke om det som driv han, og om kva han meiner står på spel. Han gir òg konkrete tips til korleis ein handterer ein klimafornektar.

litteratur