Generasjonssamtale II: Naturlege gleder

Arrangementsinformasjon

16 år gamle Dara McAnulty frå Irland har eitt mål: Å ta vare på naturen han elskar. I 2019 ga han ut Diary of a Young Naturalist som fekk strålande kritikkar og som den unge forfattaren blei tildelt fleire prisar for. McAnulty er autist, og han skildrar korleis naturopplevingar gir sansane hans ro. Professor og forfattar Anne Sverdrup-Thygeson har eit liknande mål: La alle få vite kva naturen gjer og skaper som vi menneske ikkje berre har glede av – men som òg er heilt nødvendig i liva våre. Dette viser ho gjennom sanne, fantastiske historier i boka På naturens skuldre

To generasjonar naturelskarar møtest til samtale om naturen, litteraturen, kva som gir dei glede og kva som motiverer dei. Samtaleleiar er Kari Jegerstedt.

litteratur