Litt LitFest: Klassikarforedraget: Det vondes blomar

Arrangementsinformasjon

I 2021 er det 200 år sidan den franske poeten Charles Baudelaire blei fødd. LitFestBergen markerer dette med to arrangement om hovudverket hans, diktsamlinga Les Fleurs du Mal frå 1857. Professor emeritus i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen Per Buvik held føredrag om dikta som blei både hylla og fordømde i samtida. 

Seinare denne dagen blir det konsert med musikaren Susanna, som har tonesett Baudelaires dikt; «Baudelaire & Piano».

litteratur