Kvardag og mystikk: Ein samtale med Karl Ove Knausgård

Karl Ove Knausgård gav i fjor ut Morgenstjernen, den første store romanen sidan Min kamp-serien. Handlinga er lagt til ein varm seinsommardag nokre år fram i tid. Ei ny stjerne kjem fram på himmelen. Gjennom ni ulike personar frå ulike generasjonar, saman og einsame på ulike stader i Noreg, skildrar forfattaren det magiske og ubegripelege.
Frå heimen sin i London blir Knausgård intervjua av Roland Gulliver, festivalsjef for Toronto International Festival of Authors. Med utgangspunkt i Morgenstjernen vil dei dykke ned i Knausgårds litterære univers; det kvardagslege og overnaturlege, det mystiske og enkle, det ubehagelege og vakre. Og kva er det med Bergen som evnar så godt å ramme inn ei apokalyptisk historie?
Intervjuet blir vist på storskjerm i Auditoriet.