Litt LitFest: Spør forfattaren

Arrangementsinformasjon

Forfattarmytane er mange, og no kan du vere med å avdekke dei. Vi lar forfattarane Tore Renberg og Olaug Nilssen, svare på spørsmåla dine om korleis dei arbeider, kva dei et og drikk og gjer for å bli inspirerte. Frode Helmich Pedersen leiar an i jakta på sanninga om stort og smått, og inviterer publikum til å ta del i grundige undersøkingar av korleis det eigentleg er å vere forfattar.

litteratur