Litt LitFest: Poetisk punk-galla

Arrangementsinformasjon

Frå stygt og rasande, mollstemt og dystert, til høgstemt og lovprisande  – poesien rommar alle ytterpunkta i det menneskelege tilværet. Sju poetar og to musikarar møtest denne kvelden i ei lyrisk verd utanfor kartet. Kveldens topograf er omsettar og diktelskar Eira Søyseth

Frå Sápmi kjem Tromsø-busette Mary Ailonieida Sombán Mary, aktuell med diktsamlinga Leve blant reptiler. Andre på scenen er iranske Fatemeh Ekhtesari som bur på Lillehammer, og som i 2020 kom ut diktsamlinga Vi overlever ikke, Pedro Carmona-Alvarez, chilensk bergenser, som gav ut Inventarium i 2020, Henning Bergsvåg som samme år kom med diktboka Dette er ikke et stille sted, og Steinar Opstad som ga ut En varig lengsel i 2019.

litteratur
poesi