Rimeleg tvil

Dette arrangementet inneholder digitalt innhold (livestreaming eller video on demand)
Arrangementsinformasjon

Rettssalen er ein stad der rett og galt skal avgjerast, der skyld skal fordelast. Som rettsteiknar lar Ane Hem blikket kvile ekstra lenge på aktørane i retten. Ho blir nysgjerrig på menneska ho teiknar. I boka Et spørsmål om skyld fortel ho om menneskeleg drama og smerte, om menneska som blir dømde og liva deira etter dommen. Sjølv om retten gir eit ja eller eit nei på skuldspørsmålet, er sanninga ofte ikkje så enkel. 

Hem møter litteraturforskar Line Norman Hjorth til samtale om rettshistorie, rettsretorikk – og om kven som fortel den beste historia.

litteratur